• Om oss
  • Portefølje
  • GALLERI FISK
  • Kontaktinfo
Prestegård Design
  • Om oss
  • Portefølje
  • GALLERI FISK
  • Kontaktinfo

Galleri Fisk

Galleri Fisk er eit nyetablert kunst- og designkonsept av Anne Mette Prestegård, her brukar ho kunnskapen og erfaringa si frå museums- og utstillingsproduksjonar til eigne installasjonar og utstillingar. Alle prosjekta har fokus på naturvern og då spesielt på forsøpling av hav og vatn. Strandrydding er ein del av konseptet.

Mayday! Mayday! er tittelen på det første prosjektet til Galleri Fisk.

Utstillinga vart vist på Lyngheisenteret frå 15. juni - 30. oktober 2025. Den vandrar vidare til Herdla Museum vinter/vår 2026.

Bilete frå utstillingsopninga på Lyngheisenteret sundag 15. juni 2025. Miljøagent Thelma Anika Drivdal (11) opna utstillinga med ein viktig appell - Det er viktig at vi kjempar for å ta vare på havet og ikkje lagar så mykje plast.

Eg vil med kunstprosjektet Mayday! Mayday! sette fokus på utfordringa med plastforureining i havet. Kan me gjera noko med dette før det er for seint?

Utstillinga Mayday! Mayday! er ein serie med bilete der eg har leika meg med foto av gjenstandar funne på strandrydding i kombinasjon med foto av fisk og anna som lever i havet. Plastgjenstandane er ein del av utstillinga.

Prosjektet er støtta av Alver kommune.

Under kan du lese omtale frå opninga i Avisa Nordhordland.

Foto: Morten Sæle

Les OMTALE