• Om oss
  • Portefølje
  • GALLERI FISK
  • Kontaktinfo
Prestegård Design
  • Om oss
  • Portefølje
  • GALLERI FISK
  • Kontaktinfo
profilbilde_farge.jpg

Prestegård Design

Prestegård Design er eit interiør og designfirma, med fokus på utstillingsarkitektur.

Kompetanseområde Museum & utstillingsdesign, konseptutvikling, museumsgjenstandar, brukaroppleving, historieforteljing i rom, interiørarkitektur og møbeldesign.

Anne Mette Prestegård er dagleg leiar, interiør og utstillingsarkitekt. Ho er utdanna interiørarkitekt og møbeldesignar, Anne Mette har 14 års erfaring som utstillingsarkitekt for Bymuseet i Bergen, og har sidan hovudfag på Kunsthøgskolen fokusert på utstillingsarkitektur. I jobben på Bymuseet har ho fått god erfaring med alt innan utstillingsprosessar frå forprosjekt til ferdig resultat. Ho er godt kjent med arkiv og magasin, har god kunnskap om museumsgjenstandar og kva som krevst når dei skal stillast ut. Hausten 2019 starta ho Prestegård Design.

Anne Mette er særleg opptatt av å skape ei sanseleg oppleving, og kan mykje om korleis publikum beveger seg og kva som skal til for å fange merksemd. Ho er god på samarbeid med fagpersonar og på å få kunnskap omskapt til forteljingar i rom.

Kundeliste Prestegård Design Bymuseet i Bergen, Musea på Sunnmøre, Museum Vest, Museumssenteret i Hordaland, Bergen kommune, Universitetet i Bergen, Stiftelsen Espeland fangeleir, Osafestivalen, Nattjazz, Nordmørsmusea, Alver kommune, Musea i Sogn og Fjordane og Ulvik herad.

MUSEUMSEKSPERTENE Prestegård Design er ein del av museumsekspertene. I lag med Ann Kristin Helland Ramstrøm tilbyr Anne Mette Prestegård eit bredt spekter av tenester innen museumsfeltet, kulturminner og bygningsvern.
Treng du hjelp til å formidle kunst- og kulturhistorie?
Museumsekspertene lagar utstillingar. Frå ideutvikling, innhaldsproduksjon og utstillingstekstar, til ferdig resultat.
- Vi utvikler formidlingstilbud og pedagogiske undervisningsopplegg til alle målgrupper.
- Vi kartlegg behov for restaurering, bevaring eller rehabilitering av kulturminner og kyrkjebygg.
- Vi har kompetanse til å utføre formidlingsprosjekt som fell inn under kirkebevaringsprogrammet.
Meir informasjon om museumsekspertene finn du her: museumsekspertene.no

GALLERI FISK Galleri Fisk er eit nyetablert kunst- og designkonsept av Anne Mette Prestegård, her brukar ho kunnskapen og erfaringa si frå museums- og utstillingsproduksjonar til eigne installasjonar og utstillingar. Alle prosjekta har fokus på naturvern og då spesielt på forsøpling av hav og vatn. Strandrydding er ein del av konseptet.